Kunstner
Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen (f. 1981, Hardanger) bur og arbeider i Bergen, og har MA frå Bergen Kunst- og Designhøgskole. I arbeida kombinerer ho brukte tekstil, møblar og lett tilgjengelige material til skulpturar og installasjonar. Materiala blir tatt med inn i ein arbeidsprosess som er ope for slump og intuisjon, og som resulterer i surrealistiske historier ho sjølv ikkje kjenner særleg kontroll over. Tilskodarane vert invitert inn i ei fantasiverd der dei kan få assosiera fritt, ein stad utan noko konklusjon. Bang Larsen har nylege hatt separatutstilling i Kunstmuseet Nord-Trøndelag, Prosjektrom Normanns og Vestfold Kunstsenter, og er med Kunsthåndverk 2015 i Kunstindustrimuseet i Oslo.