Kunstner
Kurt Johannessen

Kurt Johannessen (f.1960) er utdanna i Bergen tidleg på
80-talet. Han arbeider med performance, bøker, teikning, video og installasjon. Han har produsert over 250 ulike performancar med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Hans performancar har ofte eit poetisk og minimalistisk formspråk. Han har hatt utstillingar ei rekkje stader i Noreg, blant anna Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007). Han gir ut artists books på eige forlag. Mange av hans bøker er tekstrelatert, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ein setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. Han har laga over 80 bøker. Mange av bøkene er oversett til engelsk. Dei siste åra har han arbeida mykje med bøker, som han presenterer som performanceforedrag. Nokre av bøkene undersøkjer ulike saker om vår eksistens, tid og rom og det omkring oss. Det fyrste performanceforedraget var Alt og ingenting (2004). I 2013 kjem det fem med slike arbeider, der Om tankar er ein av dei. Dei andre bøkene/performanceforedraga er Om pust, Om det utan meining, Om det innarste, Om potensial og energi. Om tid og Om potensial og energi. Snart kjem Om det å vitja, som går inn i spørsmålet omkring kva tilstand alt er i.

Kontakt kurt@zeth.no