Kunstner
Gunvor Olsen

Gunvor Olsen er utdanna ved Statens høgskule for kunsthandverk og design i Bergen, med hovudfag i 1989. I både dei tidligare abstrakte landskapa, som er inspirert av naturskildringane frå grenseområda mellom USA og Mexico i Grensetrilogien av Cormac McCarthy, og i dei seinare meir figurative arbeida, ønsker ho å formidla ei kjensle av einsemd og fråvær, av å vera ein stad ute ved grensa. Dei avbilda verka er laga av filta ull som er bearbeida med saum.