Kunstner
Brynhild Winther

Winther er utdanna frå KHiB, avd. kunst og har stilt ut på bl.a. Høstutstillingen, Tegnerforbundet og GoMA. Ho jobbar hovudsakleg med teikning som refleksjonsmetode, men òg i ulike teknikkar for å sjå ting frå ulike vinklingar.

Artist statement: Basert på det faktum at den menneskelege logikk og rasjonalitet endrar seg gjennom tidene, kan ein sei at ingen av desse eksisterer utanfor den menneskelege kropp, og kan berre sjåast som menneskelege projeksjonar på ei verd av ukontrollerbare kompleksitetar.