Kunstner
Anneli Belsvik Aras

Anneli Belsvik Aras har hovudfag frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Ho arbeider hovudsakleg i leire, men tilfører gjerne grafiske element som t.d. silketrykk. Arbeida hennar ligg ofte i området mellom det funksjonelle og det biletlege, og kretsar kring tema som arv, familie, kvinneliv, levd liv, møter og spor. Aras set gjerne strame rammer for arbeidet sitt, og utfordrar slik seg sjølv til å oppdage dei rike og uventa variasjonane som vert avdekka når ho eksperimenterer med få faktorar. Med denne metoden kjem arbeid i seriar som ein naturleg konsekvens. Overflate, tekstur, materialitet og farge står ofte sentralt i arbeidsprosessen. Arbeida til Aras har ofte eit stille uttrykk som opnar for undring og refleksjon.