Kunstner
Åse Ljones

Åse Ljones er utdanna ved Bergen Kunsthandverksskule 1984 ­ 1989. Ho har arbeida med tekstil i ulike materiale og uttrykk. No er det broderi for hand som er med og skapar bilete og store tepper. Tida, ljoset og nærleiken til natura er med å forma det ferdige uttrykket. Ho er no aktuell med scenografi til teaterstykket “Morgon og kveld” av Jon Fosse på Nationaltheateret.